Ja slik vert det sagt då me stikk innom på juleverkstad i dag.

Elevane på Øvrebygda skule er i full aktivitet med juleførebuingar den siste veka før ferien startar. I går og i dag brukar dei nokre timar til juleverkstad.

Elevane er delt i aldersblanda grupper og alle får vere med på fem ulike oppgåver etter tur. Me får inntrykk av at små og store set pris på desse timane. Det er full innsats og god atmosfære i klasseromma.

På spørsmål kjem det tydeleg fram at det er kjekt å lage noko som ein kan ta med seg heim. Men det spørst det om kakene vert oppetne på heimveg. Fleire born fortel at dei har vore med på baking heime og. Nokre foreldre har møtt fram for å hjelpe til med juleverkstad.