Sol frå skyfri himmel laga ei fin ramme rundt bussturen som diakoninemnda arrangerte.

Svein Bjarne Aase stod for opplegget og var sjåfør då over 40 kvinner og menn frå Fitjar deltok på den årlege vårturen. Olav Oma var guide då bussen køyrde rundt om i Bergen, bl.a. til Natlandsfjellet, med flott utsyn over byen.

Første stopp var ved bibelskulen på Bildøy, der det vart servert kaffe og rundstykke. Rektor Roald Kvam orienterte om ulike linjeval , og det var høve til å sjå seg rundt, både inne og ute. Litt seinare kom ein lokalkjent guide om bord i bussen, Britt M. Norheim. Ho formidla mykje lokalhistorie etter kvart som bussen køyrde utover mot Telavåg og Glesvær.

I Nordsjøfartmuseet fekk me sjå film frå øydeleggingane i Telavåg under siste verdskrigen. I det vesle bygdesamfunnet vart alle hus sprengde i lufta då tyske soldatar gjekk til åtak i 1942. Dette var ein hemnaksjon fordi to Sipo-menn var blitt skotne då to norske motstandsmenn skulle arresterast. Innbyggjarane var så vidt evakuerte då sprenginga tok til. Alle menn i alderen 16 – 60 år vart sende til konsentrasjonsleir i Tyskland, og nær halvparten av dei miste livet. Kvinner og born kom etter ei tid til Framnes og fekk bustad der. Då krigen var slutt, vende folket heimover og bygde seg nye hus.

I museet kunne ein gå frå rom til rom og studere plakater, bilete og gjenstandar frå krigen. Då bussen stansa ved Glesvær kafe, stod middagen klar til svoltne fitjar-buarar. Svinesteik, dessert og kaffe smaka godt.

Mange smale og svingete vegar på Sotra var ikkje noko hinder for ein røynd sjåfør. Difor fekk me og sjå bautaen som telavågfolket har sett opp til minne om sambygdingane som ofra livet i kampen for fedrelandet.

På heimveg heldt soknepresten andakt. Songbøkene kom fram, og mange gode røyster var med og song om det vakre fedrelandet vårt. I kveldinga kom me heim att til Fitjar, og avsluttar slik det ofte vart skrive i skulestilane før: Alle synest det hadde vore ein triveleg tur.
Stor takk til Inger Marie Gilje, som er leiar i diakoninemnda, medhjelparane hennar og sjåføren.