Bakerst fra venstre: Vegard Hareide, Emil Sæterbø Fitjar, Benjamin Koppang, Tobias Vestbøstad, Aadne Nesbø og Adrian Torvund. Framme fra venstre: Ole Martin Spissøy, Joachim Huseth Vestbøstad, Truls Sæterbø Fitjar og Aleksander Henriksen. Biletet er frå fjorårets bartefest. Foto: privat

Ein gjeng på 13 unge fitjarbuar har gått saman for å spare på bartane sine og samtidig samle inn midlar til «Movember Foundation».

Movember er ei samanslåing av orda «november» og «moustache», og er ein årleg kampanje for bevisstgjering om menn si helse, med hovudfokus på prostatakreft, testikkelkreft, psykisk helse og sjølvmordsførebyggende arbeid

– Menn er ikkje så flinke til å snakke om slike problem og folk flest veit for lite om dette temaet. Sjølv om prostatakreft er den nest mest vanlege kreftformen for menn og at 510.000 menn tek sjølvmord kvart år på verdsbasis, seier Truls Fitjar.

Sparar på bartane

Han har saman med 12 kompisar starta ein barteaksjon.

– For å skape merksemd rundt dette viktige temaet så samlar me inn pengar og sparar me det me har av bartar.

I fjor starta dei innsamlingslaget «Fitjar Bart», og klarte å samle inn 14.500 kroner. Dei samlar inn via innsamlingssida Moteam.

Så langt i årets Movember har dei samla inn over 12.000 kroner, og det allereie før første halvdel av månaden er slutt.

– Førebels er me lag nummer 9 på topplista over kva lag som har samla inn mest i Norge, så me siktar høgt og håper å forbli på topp 10 også i enden av månaden.

Bartekåring

Fjorårets aksjon vart avslutta med premieutdeling i rorbua til foreldra til Truls på Kråko i Fitjar, der det vart delt ut prisar som «årets bart», «Trønderbarten» og «Mopedbarten», og ikkje minst pris til den av gruppa som samla inn mest pengar.

Dette er dei fem prinsippa til Movember-rørsla, og kva pengane skal gå til:

  1. Fremje og legge til rette for nasjonalt og globalt samarbeid
  2. Forstå, fremje og vere eit talerøyr for menns helse
  3. Bygge opp bevis for kva som fungerer og setje berekraftige tilnærmingar ut i livet
  4. Mobilisere menn til å vere meir velinformerte, aktive og sosiale
  5. Investere i biomedisinsk og klinisk forsking på prostata- og testikkelkreft