Det er ein førnøgd bubilgjest på Fitjar Sjø og Camping som seier dette då me stikk innom laurdag ettermiddag.

Gjesten som siterer farbror Melker i «Vi på saltkråkan» heiter Inger Bente Johnsen og kjem frå Haugesund. Ho er på ein kort helgetur saman med mannen sin, Arne Johnsen, og Tøri Olsen frå Stord. Sistnemnde er godt kjend på Fitjar, og har vore mange gonger før på campingplassen på Spona. Paret frå Haugesund, derimot, er her for første gong.

Dei er berre på ein spontan helgetur, og meiner det er like bra å vera her som på Stord i dag. Dei har nett vore på Fitjar og handla, og der har dei fått bekrefta det gamle sitatet: «Det du ikkje finn andre stader, finn du hos Larsen på Fitjar!» I tillegg har dei vore og handla hos Fitjar Såpekokeri. Turistane lar seg ikkje skræma av vindmøllene som ruvar over Fitjar-bygda. Arne Johnsen fortel at dei er vane med vindmøller frå reisene sine nedover kontinentet. Dei reiser så ofte dei kan, og er ofte i Tyskland, og lar seg ikkje sjenera av dei store vindmølleparkane der.

Dei er medlemmer i Norsk Bobilforening avd. Sør, dvs. Rogaland og Agder-fylka. Dei er fulle av lovord om Tyskland, der alt er godt til rette lagt for bubilturistar. Kroatia er og eit favorittmål, etter det me forstår. Men dei let og vel over bubilcampen på Fitjar. Her er fasilitetane heilt upåklagelege.

Standard utrusting i ein bubil er syklar, slik at dei kan komma seg lettvint inn til sentrum frå bubilcampen. Men i ettermiddag har mannfolka tenkt seg ut på padletur. Friluftsrådet Vest har ståande ein heil tilhengar med kanoar til utlån her på Fitjar Sjø og Camping. Dei får ikkje lov av damene sine å padla Hellandsstraumen, men så spørst det kor lydige mennene er då …

Like ved sjøen treff me på to par som et middag i ly for vinden. Dei kjem frå Eikelandsosen i Fusa, og fortel at dei har vore her fleire gonger før. Siste gongen var i påskehelga i år, då sjøen var heilt islagt. No er dei her berre i helga. I dag morges bada damene, medan mennene fann det tryggast å stå på land og passa på. Kanskje var det 15 grader i sjøen, men dei gradene var i så fall små, seier dei friske damene.

Elles har dei gått på tur i hyttefeltet på Kråko i dag, og i kveld står Fitjarrevyen på programmet. Den har dei sett før, og gler seg til eit gjensyn med dei lokale Fitjar-heltane. Dei går til fots inn til Sentrum; det er berre 3 km, men dei ser ikkje heilt bort frå at det kan nærma seg 5 km når dei skal tilbake i kveld …

Også gjestene frå Fusa er godt nøgde med fasilitetane på campingplassen. Noko dei stadfestar ved å komma tilbake gong etter gong. Lunt og triveleg har dei det mellom hyttene sine, sjølv om det er litt golvkaldt i vinden i dag!

Randi Dalen, som driv campingplassen, fortel at belegget har vore bra i sommar. Nede mot sjøen har ho plass til 25 bubilar, og i natt var det nesten fullt, iallfall 15-16 bilar. I helgene plar det vera mykje folk, men det er litt for roleg i vekene. Ho ventar framleis på skilt, og begynner etter kvart å bli utolmodig. Ho får ikkje lov å forskottera, sjølv om ho meir enn gjerne ville gjort det. Heldigvis for Randi Dalen fungerer tydelegvis jungeltelegrafen blant bubilturistane, slik at besøket er bra.