Med desse orda opna FAU-representant Bente Fitjar den nye kunstgrasbanen nedanfor gymsalen på Rimbareid skule i dag.

Ho var beden inn til den offisielle opninga av anlegget, som blei markert med ein prestisjefylt fotballkamp mellom elevar og lærarar på Rimbareid skule.

Bente Fitjar er medlem i FAU og har administrert foreldra sin dugnad med den nye banen. Det er ikkje få timar foreldra har lagt ned, så det var berre rett og rimeleg at FAU-representanten stod for den høgtidelege opninga.

Rektor Bjørn Haaland tok imot ein fotball frå FAU som eit symbol på at anlegget er opna. Han retta ein djup takk til Bente Fitjar og dei andre foreldra for den strålande dugnadsinnsatsen.

Så bar det til slag. FAU-representanten og ein fullsett tribune blei vitne til ein tøff kamp mellom lærarstaben og eit lag frå elevane.

Det viste seg snart at lærarane la minst like mykje prestisje som elevane i oppgjeret, og gjekk med stor tyngde inn i alle duellane. Nettopp tyngda blei nok avgjerande for at lærarane vann så klart som 4-0.

Det hjelpte ikkje elevane at den myndige dommaren, Ruben Træet, viste ut både rektor Bjørn Haaland og keeper Thor Gunnar Bakke mot slutten av kampen. Lærarane reid av stormen og drog i land ein klar siger.

Den lett aggressive stemninga var over straks dommaren bles av kampen. Både fortidas og framtidas fotballstjerner såg ut til å gle seg i lag over det nye anlegget.

 

Ingressbilete: Morten Thunestvedt og Rolf Solli takkar for kampen. Foto: Kjetil Rydland.