Dette er temaet i Fitjar kyrkje torsdag 13. februar, skriv Eli Simonsen, og nedanfor får du litt informasjon om programmet

Denne kvelden får vi eit glimt frå Cuba. Gjennom bilete og ord vil Joel Ortega Dopico og Hans Johan Sagrusten fortelja oss om den store mangelen på biblar i dette landet. Joel Ortego Dopico er den øvste kyrkjeleiaren for om lag 800000 evangelisk kristne på Cuba. Han er også president i rådet for kyrkjene i landet. Han er prest og ein inspirerande forkynnar. Talet på kristne på Cuba er dobla på få år, og det er ein sterk lengt hjå hundretusenvis av menneske som ønskjer seg bibel, men ikkje kan få tak i ein. Det Norske Bibelselskap har gått saman med andre bibelselskap om eit stort løft: «Ein million biblar til Cuba». – Dette er mottoet for den årlige Bibeldagen som i år fell på 16. februar.
Hans Johan Sagrusten er prest, forfattar, bibelomsetjar og bibelkonsulent, og han vil vera med å visa bilete og omsetja foredraget til Dopico frå engelsk til norsk.
Velkommen til Fitjar kyrkje og få eit levande møte med dei kristne på Cuba og den sterkaste kyrkjeveksten i verda!