Komande søndag blir den nasjonale turdagen markert på over 130 plassar i heile landet. Dette er det største friluftsarrangement i Noreg, og Stord-Fitjar Turlag har òg planlagt denne Kom deg ut-dagen.

– Me har lenge venta på at snøen skulle komme – i alle fall på fjellet. Det lokale turlaget inviterer uansett folk til Lundarstølen på søndag, der me vil tilby ulike aktivtetar for heile familien. Det blir kanskje ikkje mogleg å ake eller gå på ski, men me håpar at det skal vera mogleg å ta ein liten tur til fots, skriv arrangørane i ei pressemelding.

Basen blir ved den nye gapahuken på Lundarstøl. Her vert fyr på bålpannene og gratis pølser, kaffi og saft til alle. I tillegg legg turlaget m.a. opp til ei tradisjonell TurTipp-løype i delar av langrennstraseen – og dei lokkar med premie til alle som fullfører.

– På tre år har Kom deg ut-dagen fått 50 fleire lokale tilstellingar i alle fylke, og Kom deg ut-dagane samla i fjor rekordmange 47.500 menneske. Auken i lokale aktivitetar viser at friluftsliv ikkje treng å vere komplisert. Dei viktigaste turane er dei som ein kan gå heimafrå, seier Kristin Krohn Devold, generalsekretær i Den Norske Turistforening.

Smakebit på friluftsliv
Stord-Fitjar Turlag ønskjer med Kom deg ut-dagen å gi alle ein smakebit på det ein kan oppleve ute i naturen. Denne februardagen skulle ein gjerne fått prøve seg på typiske vinteraktivitetar, men det kan likevel vere eit puff for å komme seg ut. Kom deg ut-dagen er ein kom i gang-dag, og me ønskjer å inspirere alle til å komme seg ut for å oppleve litt friluftsliv, seier leiarane i turlaget.

Ta gjerne med eit rumpeakebrett (viss det er litt snø igjen), varme klede, noko å sitje på, litt ekstra mat og turkopp til saft eller kaffi.