Fitjar kulturkontor og Stord / Fitjar landbruks- og miljøkontor inviterer til kulturminneseminar på Fitjar onsdag 15. april. På seminaret vil forfattaren av bestseljaren «Norges låver», Eva Røyrane, halde foredrag om «den store låvereisa». Illustrasjonsfoto: Wikipedia, Øyvind Holmstad

Steinar Sørli frå fylkesmannen i Hordaland presenterer prosjektet sitt «Ny bruk av ledige landbruksbygg i Hordaland»  Elisabeth Warren frå Hordaland fylkeskommune belyser si rolle i samband med kulturminnevern og kommuneplanar i kommunane. 

Kultursjef Bente Bjelland informerer om status i prosessen med ny kulturminneplan for Fitjar.

Samlingane er aktuelle for kommunepolitikarar, kommunal administrasjon av plan og byggesaker, bønder, eigarar av landbruksbygg og andre kulturminne og alle med interesse for kulturminnevern.    

Sjå annonsa til høgre på denne sida.