Laurdag 1. november er det duka for den store kinodagen. Ikkje berre i Fitjar, men over heile landet.

Men i år har Fitjar bygdekino blitt med på karusellen og stiller med tre filmar.

– Ikkje berre er kinotilbodet godt denne dagen, men det er òg halv pris på alle filmane, så det er berre å planlegge laurdagen, skriv Ole Bergesen til fitjarposten.no.

Han fortel òg om kiosksal, ballongar og ekstra festivitas når den store dagen skal markerast.

Sjekk annonse for filmar i Fitjarposten samt Fitjar Kultur og Idrettsbygg sine facebooksider.
Meir omtale om filmene ligg også på bygdekinoen.no.

– Filmene i Kultursalen på laurdag startar  Kl. 14.00 – 16.00 og 18.00, opplyser Bergesen og ønskjer velkommen til Den Store Kinodagen.

Illustrasjonsfoto: Stockphoto.