Mange hadde funne vegen til idrettshallen i ettermiddag, og det vart slik som antyda på plakaten: Kjekt, sosialt og tid til drøs.

Ole Bergesen ønskte alle godt nyttår og velkomne før han gav ordet til ordførar Wenche Tislevoll. I si nyttårshelsing gav ho tilbakeblikk over 2013 og la ut om framtidsvoner for det nye året, med spesiell oppfordring til å glede kvarandre. Ordføraren nytta høve til å takke Ellinor A  Bergesesen og Ole Bergesen som går i bresjen for å arrangere juletrefest for heile bygda. Lokale artistar deltok med song og musikk: Ole André Westerheim framførde ein låt frå Jesus Christ Superstar. Ingrid Bergesen og Silje Rydland song En stjerne skinner i natt. Karine Lillenes med band song og spela to engelske tekstar. Operasongar Runar Thor Gudmundsson avslutta dei kulturelle innslaga med O Helga Natt. Han vart akkompagnert av Svein Tørnquist.                                                              Mange venta med spenning då eit rikhaldig gevinstbord skulle trekkjast. Festleiaren nytta høvet til å takke alle som hadde gitt gevinstar. Åresalet føregjekk mens publikum kosa seg med mat og drikke som var til sals i kiosken.                                                                                                                                         Små og store gjekk rundt  juletreet og song blant anna Du grøne glitrande tre og Det lyser i stille grender medan korpsmedlemmer spela. Silje Rydland var forsongar. Så var det berre att å rope på nissane som var på veg.  Borna fekk kvar sin pose med snop og det vart fort tomt i sekkene deira.
Då festen var over, sette dugnadsgjengen (blant anna ein flokk frå fotballgruppa) i gang med rydding. Juletreet hadde no vore til nytte sidan første søndag i advent. Då vart det sett opp utanfor rådhuset og i ettermiddag var det gjenbruk innandørs.