Sjette januar eller trettande  dag jul vert og kalla Heilag tre kongars dag.

På primstaven er dagen merkt med tre krossar, tre kroner eller tre menn, og han vart feira til minne om mennene som kom frå Austerland til Betlehem. Frå gammalt av vart trettande dag jul rekna som ein viktig merkedag for ver og grøde. Det var starten på den kaldaste delen av vinteren. Klårt ver gav von om godt og grøderikt år, og dagens ver meinte dei skulle vare i tretten veker. 

Fleire legender om dei tre vise menn gav grunnlag skodespel der born kledde seg ut og gjekk frå dør til dør og song for å få ei gåve, og denne tradisjonen held seg i dag og. Dette er dagen då me kan vente besøk av utkledde born som gjerne syng ein song eller to. Som takk for songen, spanderer dei fleste litt frukt eller snop. Utkledninga er ofte fantasifull, men nokon vel å gjere det enkelt slik som dei to me viser bilete av. Her ser me ei som fekk pappa med seg ut i mørkret.

Mange set pris på at naboborna eller andre kjente ringjer på dørklokka i kveld.