Rett etter gudstenesta i Fitjar kyrkje i dag var det klart for vigsling av den nye kyrkjegarden med prost, ordførar, sokneprest, soknerådsleiar og leiar av Fitjar kyrkjelege fellesnemnd til stades.

-Den nye kyrkjegarden, som skal takast i bruk så snart det ikkje lenger er ledige graver på den gamle, vil gje plass til 350 nye graver. I tillegg har den nye gravplassen fått ein eigen urnelund, hekk, gjerde og vasspostar.

Likevel er dette berre byggjesteg 1. Når byggjesteg 2 er ferdig, snakkar ein om totalt 1000 nye gravplassar, opplyste kyrkjeverge Harald Johan Sandvik før vigslinga.

Sjølve vigslinga skjedde, som seg hør og bør, med bønn og skriftlesing av kyrkjeverge, sokneprest og leiar av soknerådet – og med høveleg liturgi, som prost Svein Arne Theodorsen las. -Fred over denne kyrkjegarden til oppstodedagen! I namnet av Faderen, Sonen og den Heilage Ande, heitte det til slutt.

Orførar Harald Rydland peika på at me har grunn til å vere stolte over kor fint halden kyrkjegarden vår er, og han hadde både tru og von om at slik ville det vere i framtida òg.

Leiar i Fitjar kyrkjelege Fellesråd, Arvid Ole Refvik, takka så, på vegnar av alle i Fitjar for innvesteringane som er gjort i denne samanhengen.