Sjølv om det ikkje ser slik ut, er det faktisk fantastiske skimogelegheiter her på øya denne påska. I motsetning til her på Fitjar, kan ein på Stord få køyra med bil heilt opp til snøen. Dette gjer forholda enklare, særleg for småbarnsfamiliar.

Store mengder snø, og godt føre
Halvvegs oppe i Fossabrekko møter ein godt med snø. Oppe i Kvelve er stort sett det meste dekka av nydeleg rein fin kvit snø. Her kan du velja mellom fleire merka løyper vidare. Kattnakken, Stovegolvet og Mehammarsåta er aktuelle turar ein kan gå frå Kvelve. Eller ein kan berre finna seg ein lun plass, og ta fram brunostskiva og kakao, og nyte den fantastiske utsikta utover Huglo, fjorden og Kvinnheradsfjella i aust.

Her er god plass og lite folk å sjå.

God tur!

Ta bilete og send dei inn til fitjarposten.no – og del dine opplevingar med andre.

aas steroids