Ein flott femteklassegjeng frå Rimbareid barneskule framførde skodespelet "Den levande skogen" for nærare 200 medelevar torsdag føremiddag.

Etter mykje pugging av replikkar, øving på songar og innøving av korografi var endeleg målet nådd, og elevane synte ei glitrande førestelling for alle i første  til sjuande klasse.  Me som var til stades fekk vera med inn i ein skog som snakka, dansa og lo, og det var harmoni mellom tre og dyr. Me såg tre i alle aldrar. Den med mest visdom var nok det gamle bestemortreet som snart skulle hoggast for å bli til noko nyttig for menneska samtundes som det då skulle bli lysare i skogen og gje bedre vekstvilkår for nye små tre.  Plutseleg kom det ein familie med to barn på campingtur til skogen. Trea likte ikkje at dei vaksne kasta søppel og rota. Dei prøvde å skremma vekk intrengjarane, og til slutt vart foreldra så redde at dei rømde tilbake til campingvogna si. Ungane sov vidare og opplevde fine sider ved naturen som å vakna til nydeleg fuglesong. Bodskapen i spelet er at det er viktig med ein levande skog for både dyr og menneske.

Elevane hadde øvd godt og me fekk sjå flotte kostymar, gode skodespelarar og mange elevar imponerte med å syngja solo.

"Det var kjempegøy", sa fleire av skodespelarane etter at skuleframsyninga av syngjespelet var over.