Frå Tove Risheim som bur i Dalen har me fått melding om ein svaneunge som er på tur åleine i trafikken, utan tanke for risikoen den utset seg sjølv for.

Tove har sendt oss eit knippe bilete av svaneungen som i dag har vore på tur åleine i Dalen utan fylgje av vaksne svanar. Ho fortel at den ikkje berre går rundt på bakkane men og på vegen. Det ser risikofylt ut både for svaneungen og bilane, for svanen ser ikkje ut til å forstå at den må flytta seg når det kjem bilar. Tove håpar nokon som har greie på fuglar kan hjelpa til med å flytta den grå svaneungen til ein sikrare plass, og då kanskje ein stad saman med andre svaner.

Av biletet ser me at dette er ein knoppsvane, som er den tyngste flygande fuglen me har i Noreg. Vaksne svanar er som kjent skinande kvite, medan ungfuglane er brågrune, slik som den i Dalen, heilt fram til ca. 2-årsalderen.

Me har no fått melding om at svaneungen er teken hand om og flytta saman med andre svaner.