Bak f.v.: Vidar Aarskog (FIL), Jostein Helle (Vestbøstad vel), Birte Steinsland (bygdeungdomslaget), Tore Sigurd Fitjar (skyttarlaget), Bente Bjelland (Fitjar kommune og Smedholmen Kystlag), Astrid Larsen (Friluftsrådet), Geirmund Aga(FIL), Therese Nysæther(dagleg leiar Fitjar Kraftlag). Framme: Agnar Aarskog(styreleiar Fitjar Kraftlag), Ole Bergesen (FKIB) og Annar Westerheim(Dåfjorden vel). Foto: Ingrid Hovstad

Fitjar Kraftlag delte ut over 1,2 millionar kroner i kveld. – Ekstra kjærkomne midlar, fortel organisasjonane.

Koronapandemien har sett sine spor på verda i 2020, og mange organisasjonar og lag har merka det på inntektene sine. Likevel sit det mange organisasjonar der ute med eit prosjekt, eit mål eller ein draum. Då kjem midlar i frå Kraftlaget godt med.

– I år har me fått både fleire søknadar, og søknadar om større summar enn vanleg. Det er ikkje tvil om at pandemien har laga problem for mange lag og organisasjonar. Difor er dette fortsatt årets kjekkaste dag, spesielt når me i år deler ut ein rekordsum, fortalde styreleiar i Fitjar Kraftlag, Agnar Aarskog.

Les ogso: Fitjar Kraftlag og Fitjar kommune startar utviklingsselskap saman

Stor breidde

Heile 29 organisasjonar fekk stønad, og summane varierte i frå 5.000 til 200.000 kroner.

– Det er kjekt å sjå ei slik stor breidde i type organisasjonar som me kan gje stønad til, uttala Aarskog.

I år var det berre dei som fekk over 40.000 kroner i stønad som vart invitert til utdelinga grunna koronapandemien; Fitjar kultur- og idrettsbygg, Fitjar Idrettslag, Fitjar skyttarlag, Fitjar kommune, Smedholmen kystlag, Vestbøstad Velforeining, Dåfjorden Velforeining, Fitjar Bygdeungdomslag og Friluftsrådet Vest. Felles for dei alle var den store takksemda dei synte fram.

Nytt uteområde skal erstatta ballbingen. Foto: Ingrid Hovstad

Store planar for uteområdet

Fitjar kultur- og idrettsbygg(FKIB) fekk kveldens største sum på 200.000 kroner. Desse vil dei bruka på nytt uteområdet framfor bygget.

– Me gler oss til å få fjerna ballbingen, og erstatta den med eit representativt og fint uteområde, uttala dagleg leiar Ole Bergesen.

Fitjar Bygdeungdomslag fekk midlar til nye vindauge i andre etasjen på Fitjartun.

– I fjor nytta me midlane på nye vindauge i første etasje, so no gler me oss til å gå laus på neste etasje. Desse midlane kjem svært godt med, for me har naturleg nok ikkje hatt mykje utleige i år, sa Birte Steinsland frå styret i Bygdeungdomslaget.

Les ogso: Fitjartun har fått nye vindauge

Svært mykje spennande tiltak fekk midlar under kveldens utdeling, og me gler oss på vegne av Fitjarbygda. Sjå heile lista under:

2005 kullet ved Rimbareid skule kr                     19 500
IPX kr                        5 000
Stord og Fitjar Røde Kors Hjelpekorps kr                     10 000
Fitjar Bedehus  kr                     20 000
Fitjar Idrettslag  kr                   180 000
Stord Fitjar demensforening  kr                        5 000
Fitjar Frivilligsentral  kr                     20 000
Speidaren i Fitjar  kr                     15 000
Brandasund Grendalag  kr                     25 000
Fitjar veteranbilklubb  kr                     10 000
Stranda Vel  kr                     10 000
Vestbøstad Vel  kr                     80 000
Fitjar bygdeungdomslag  kr                     50 000
Kunstivest.no ved John Arvid Skumsnes   kr                     25 000
Dåfjorden Velforening  kr                     50 000
Fitjar Kultur og Idrettsbygg  kr                   200 000
Fitjar Shotokan Karateklubb kr                     15 000
Strand Motorsport  kr                        5 000
Fitjar Sogelag  kr                     30 000
Fitjar Skytterlag kr                   150 000
Øvrebygda 4h  kr                     15 000
Fitjar skulekorps  kr                     30 000
Tysdagsklubben i Øvrebygda  kr                     10 000
Fitjar Racing Team  kr                     10 000
Fitjar Eldreråd  kr                     10 000
Friluftsrådet Vest  kr                     50 000
Fitjar Musikklag  kr                     20 000
Fitjar Kommune kr                   100 000
Smedholmen Kystlag  kr                     40 000
  kr                  1 209 500