Heile 25 kvinner og menn stilte til start i Fitjar Halvmaraton som blei arrangert søndag ettermiddag.
Av dei 25 deltakarane i dagens halvmaraton var fem kvinner, bl.a. dei gamle kjenningane Bodil Melkevik og Astrid Dahle frå Haugesund. Men det var ei «ny» dame som stakk av med sigeren. Maryna Novik frå Vindafjord IL viste seg klart sterkast frå første steg, og vann med nesten 8 minutt på nr. 2, Astrid Dahle. Med den nye løyperekorden på 1.30.48 vann Novik også skjoldet for høgast poengsum, der ein tar omsyn til kjønn, alder og tid.
I herreklassen hadde Bjørn Tore Taranger frå B FG Fana bestemt seg for å revansjera fjorårets 4.-plass. Lenge såg det vanskeleg ut, etter som veteranen Harald Engevik la ut i stort tempo, og snart skaffa seg nokre sekundars forsprang. Men nedover Tveita begynte Harald å bli sliten, og då dei nærma seg Vik, blei han teken igjen av Taranger. Og denne gongen hadde ikkje Bjørn Tore Taranger problem på slutten. Etter ein svært solid sluttspurt, gjekk han i mål i einsam majestet på tida 1.23.14. Harald Engevik måtte nøya seg med 3.-plassen denne gongen, etter at han og blei passert av nykomlingen Håvard Ellefsen på slutten.
Fitjar Idrettslag seier seg godt nøgd med eit prikkfritt arrangement. Deltakartalet var svært gledeleg; årets rekord er omtrent 10 deltakarar meir enn gjennomsnittet. Gledeleg var det og at regnet let venta på seg til siste løpar hadde gått i mål. Med lett bris, lettskya ver og rundt 20 grader var det ideelle forhold under dagens løp.
Resultat:
Damer:
1. Maryna Novik; Vindafjord IL 01:30:48
2. Astrid Dahle, Haugesund IL 01:38:15
3. Henriette O. Kvarme, privat 01:48:59
4. Bodil Melkevik, Haugesund IL 01:51:13
5. Ingjerd Sørheim, Fodno 01:54:48
Herrar:
1. Bjørn Tore Taranger, BFG Fana 01.23.14
2. Håvard Ellefsen, privat 01.23.44
3. Harald Engevik, Stord IL 01.25.05
4. Trygve Dahl, Stord IL 01.28.08
5. Frode Johansen, privat 01.31.00
6. Skjalg Duesund, TF Klipetusser 01.32.13
7. Per Gunnar Alfheim, BFG Fana 01.32.39
8. Roar Pedersen, Fitjar IL 01.35.24
9. Tor H. Vestbøstad, Fitjar IL 01.38.31
10. Magne Aarbø,privat 01.48.04
11. Michael Gunnarson, Fodno 01.48.34
12. Svein Aarbø, Fitjar IL 01.48.57
13. Sigve Sæbø, Hydro 01.49.31
14. Svein Rasmussen, Kondis 01.51.43
15. Jan Lillemoen, Hovding 01.54.33
16. Øystein Dahle, Haugesund IL 01.57.16
17. Jonny Kjærland, Stord Sykkelklubb 02.02.53
18. Steinar Øen, Tertnes 02.05.24
19. Wiktor Jansen, Haugesund IL 02.10.42
20. Johs. Slethaug, Hovding 02.21.57