Henning Vik og Tore Sigurd Fitjar delte førsteplassen i feltskyting, jegerklassen, under fitjarmeisterskapen søndag ettermiddag.

Som vanleg hadde Fitjar Skyttarlag lagt meisterskapen til Rydland, nærmare bestemt Risdalen ved Gamle Sæterbøvegen. 15 mann i jegerklassen og ein veteran stilte opp i det fine søndagsvêret.

Favoritt Heine Haktorson fekk ein uventa bom, og kampen om førsteplassen blei ein duell mellom Henning Vik og Tore Sigurd Fitjar. Begge fekk 30 av 30 moglege treff, og 16 innertreff. Dermed let det seg ikkje gjera å skilja dei to beste.

Nils K. Rydland stilte i klassen V65 og oppnådde 30 treff, av desse 13 innertreff. Dette resutatet hadde plassert han høgt oppe på lista i jegerklasssen.

Resultatliste med antal treff og innertreff:

1. Henning Vik              30/16
1. Tore Sigurd Fitjar       30/16
3. Odd Jarle Tislevoll     30/14
4. Heine Haktorson       29/19
5. Nils Øyvind Rydland  29/9
6. Kjetil Grimen            26/10
7. Inge Andreas Waage 25/9
8. Oddvar Volden          16/3
9. Lars Olav Tveita        15/4
9. Tor Gunnar Andersen 15/4
11. Rolf Petter Johansen 13/3
12. Gabriel Solheim        12/4
13. Martin Vik                11/4
14. Torstein Johansen     8/0
15. Tor Bjarte Strand       7/2