Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Fylkeskommunen fordeler ut 75,3 millionar i krisepakke til kommuane på vegner av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

– Det var viktig å få fordelt midlane raskt, seier Tor André Ljosland, leiar av hovedutval for næring i Vestland fylkeskommune. Han kalla difor dei 15 politikarane i utvalet inn til digitalt møte midt i ferien.

Midlane skal gå til kommunar som er eller står i fare å bli hardt ramma av høg arbeidsløyse
som følgje av covid-19.

– Det er særleg to bransjar vi er uroa for i vårt fylke. Den ene er reiseliv og sjølv om mange hotell melder om godt besøk no i ferien har dei store tap i samband med stenginga i vår. Den andre er leverandørindustrien, fortrinnsvis maritim og offshore leverandørindustri. For begge næringar håper eg dagens tildeling vil hjelpe, seier Tor André Ljosland.

Bergen får mest

Kommunane Bergen, Øygarden og Voss toppar lista, men hakk i hæl finn ein Stord, som får 2,5 millionar.

– Den største summen på 12,6 millionar er tildelt Bergen, som opplever redusert aktivitet, mange permitterte og relativt stor arbeidsløyse. Bergen er eit flott reisemål i seg sjølv, men byen fungerer også som eit nav for å få turistar ut i store delar av fylket. Det er difor viktig at Bergen skal kunne fortsette å trekke turistar og vidareformidle dei reisande til fylket, seier Tor André Ljosland.