I yr vårglede over at regnet og vinden har teke pause, deler Vågen`s kro på Sandvikvåg, i samarbeid med Fitjarposten, i dag ut gratis softis.

– No er det ikkje slik at me kan dele ut gratis softis til absolutt alle som er inne hos oss i heile dag. Men dei som i dag seier at dei har lese på fitjarposten.no at dei kan få gratis softis hos oss, vil få softisen gratis, seier Hildegunn Vaagen i butikken og kafeen på Sandvikvåg.

– Artig å kunne gjere slike små stunt av og til, synest me.

Så her gjeld det både å ha lese Fitjarposten – og «å vere først til mølla».