Midtfjellvegen vert frå i dag stengt frå Kidnavatnet og vidare. Det skuldast stor anleggs- og maskintrafikk.

-Me veit ikkje heilt når vegen vert open att, men inntil vidare vil denne delen av vegen vere stengt frå måndag morgon til laurdag kl. 16.00, opplyser Midtfjellet Vindkraft AS til fitjarposten.no. Meir info vil koma seinare.