Statens Vegvegesen dela ut 4 gebyr under dagens bilbeltekontroll på Fitjar.

– Me registrerte 117 køyretøy gjennom kikkert, der me stoppa 32 for nærare kontroll. Under kontrollen skreiv me ut to gebyr for manglande bilbeltebruk, opplyser leiar av kontrollen Alf Urang.

Han melder vidare at dei dela ut 1 gebyr for manglande vognkort, samt 1 førar fekk gebyr for ikkje å ha medbrakt førarkort.

– 1 førar under privat føreropplæring fekk beskjed om å bytta plass med ledsager grunna manglande påmontert L, fortel Urang.

Statens vegvesen noterte seg ogso 1 køyretøy med manglande eksosanlegg og 1 køyretøy med manglel på lys. Til slutt melder Urang at ein sjåfør fekk pålegg om å skaffa seg nytt førarkort, då det han hadde ikkje innehaldt diverse tryggleiksmoment.

- Annonse -