Har du bilete frå nyttårsfeiringa som du ønskjer å visa fram, send dei til Fitjarposten.no, og del feiringa med oss. Ta bilete av stjerneskudd, fakkeltog, fyrverkeri, stemningsbilete eller andre minneverdige motiv frå nyttårsferinga 2007-2008. Fitjarposten.no vil gjerne formidla korleis nyåret vert feira på Fitjar, eller av fitjarfolk som befinn seg andre stader i verda.
Hugs å skriv litt om kor bilete er teken, kven som er på biletet og kven som er fotograf.
Me tek i mot bilete på e-post: post@fitjarposten.no
eller via mobil: Send MMS til 902 92 923.
Og her kan du senda ei nyttårshelsing.