I eit særs spennande og velsmakande samarbeidsprosjekt, laga Fitjar vidaregåande og Rimbareid skule til ei gourmetisk feststund på skulekjøkenet på Rimbareid skule i går og i dag.

I dag var det klasse 9B, saman med nokre elevar frå Vg1 Restaurant og matfag, som fekk boltra seg på kjøkkenet, leia av Fvgs-lærarane Astrid Bukkøy og Jan Aksnes. Og elevane var godt nøgde med prosjektet.

– Det har vore spennande, lærerikt og gjeve oss nye idear om matlaging og presentasjon av mat, seier Maria Nesbjørg, Katrine Hatlevik, Vilde Raunholm Kjelling og Ida Sæterbø Fitjar til fitjarposten.no.

Prosjektet er landsdekkjande, heiter «Vi dekker til fest», og dei to skulane i Fitjar er mellom dei første i Hordaland som har realisert det. – Målet er at elevar skal få kjekke opplevingar med å lage og ete god mat av lokale og sunne råvarer. Dei skal óg dekke bord og ha ei kjekk oppleving med måltidet, seier assisterande rekor ved Fitjar vgs, Turid Bjordal, til fitjarposten.no.

Det var heller ikkje småtteri elevane kunne vise fram til slutt i dag. Sjekk denne lista:

Grilla laks med rotgrønsaker og snøfrisk krem, eigenproduserte pølser laga frå grunnen av kjøttdeig av storfe, potetlefser fylte med laks og spekeskinke, tre forskjellige dessertar, tre forskjellige dressingar og rundstykke med sesamfrø produsert som brytebrød.

Lærarane frå Fitjar vidaregåande skule har berre godt å seie om ungdomsskuleelevane. -Det har gått veldig fint. Elevane har vore overraskande interesserte, seier Jan Aksnes.

Godt nøgd med opplegget er òg rektor Siv Grete Stamnes ved Rimbareid skule. – Eg var innom og fekk med meg litt av prosjektet i går, og eg synest det er heilt fantastisk. Her var det komande kokketalent, og eg ser for meg eit svært spennande samarbeid med Fitjar vgs når nyeskulen vår står ferdig med kantine og det heile, smiler ho.