Telenor sin dekningsdirektør Bjørn Amundsen kjem til Fitjar. Foto: Telenor

Pressemelding: Veit du om område med dårleg mobildekning i Fitjar kommune? Då vil ordførar Harald Rydland høyra i frå deg.

Den 21. oktober kjem dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor Norge på besøk til Fitjar. I møte mellom Fitjar kommune og Telenor vil me sjå på kva me kan gjera for å få betre mobildekning i delar av kommunen.

Me har stort sett god mobildekning i Fitjar, men det finst framleis område som har for dårleg dekning i forhold til behovet. Å ha god mobildekning der folk bur og ferdast er enno viktigare når Telenor etter kvart koplar i frå koparleidningane. Desse har fram til no gjeve mange brukarar både fasttelefon og internett. 

Telenor har kart som viser kor god dekning mobilnettet deira har i ulike delar av kommunen. Sjølv om det viser på kartet at det er dekning, er det ikkje sikkert at folk opplever dette som godt nok i kvardagen. For å få greie på kor det er dårleg dekning, treng eg no innspel frå innbyggjarane, som me kan ta med til møtet med Telenor. 

Dersom nokon veit om område med dårleg mobildekning i Fitjar, vil eg at dei tek kontakt med meg så snart som råd. Dei kan nå meg på telefon 913 47 802 eller e-post hary@fitjar.kommune.no.