Kokkeyrket er i vinden i sunnhordlandsregionen, og Fitjar vgs er og mektig imponert over at regionen nok ein gong får fram den beste kokken i verda. I dag dekka dei til fest med 9. klassingar frå Rimbareid skule. Illustrasjonsfoto: Håkon C. Hartvedt

Assisterande rektor Dan Harald Torbjørnsen fortel at dei, for å sikra god rekruttering til kokkeyrket og andre yrke der du kan arbeide med mat, har teke initiativ til samarbeid med 9. klassane i regionen. «Vi dekker til fest» er eit undervisningsopplegg der elevar frå Restaurant & matfag på Fitjar vgs er med 9.klasse ein heil dag og viser/rettleiar prosessen med å laga gode rettar med lokale råvarer.

Gjennom denne dagen får 9. klasse prøva seg på alle mulegheitene ein har ved å velje restaurant & matfag. Alt frå pølsemakar, kokk, fiskefag til bakar og konditor. Og avslutninga av dagen er eit flott måltid der alle smakar på produkta.

– Denne veka har 9.klasse på Rimbareid vore med på dette, og neste veke kjem me til Stord ungdomsskule for å være i lag med deira mat&helse-klassar.

Og kven veit, kanskje finst det fleire verdsmeistarar der ute? seier Torbjørnsen, til slutt.