Trenar Stein Gunnar Halleråker er fornøgd med dei unge spelarane sine etter ein klar 5-2-siger i A-lagskampen mot Laksevåg 2 laurdag ettermiddag.

Her kjem kampreferatet frå A-lagstrenaren etter kampen i dag:

«Etter fleire uavgjorte kamper på rad var Fitjar-gutane klare for ein trepoengar heime mot Laksevåg II. På den sleipe, men gode grasmatta var det Laksevåg som tok tidleg leiinga etter eit gjennomspel der ein Laksevåg spelar kom åleine med Oddgeir Træet og gav bortelaget ledelsen. Fitjar-spelarane får ikkje spelet til å gli første halvtimen, bevegelsen er for liten og pasningskvalteten for dårleg.

Det er likevel fullt fortent når Mats Brakedal utliknar til 1-1, aleine igjennom viser han ro når han vender vekk både keeper og ein fosvarsspelar før han set ballen i det tomme buret. Minuttet etter er Jan Åge Tislevoll på farten, frå vel 20 meter skyt han Fitjar-gutane i leiinga. No er Fitjar i siget, og minuttet før pause er toppscorer Thomas V. Waage frampå og header inn det gode frisparket frå Kjell André Thorland.
Andre omgang forset med Fitjar som det førande laget, men der laget slit med utteljinga.

Etter 65 minutt får Fitjar frispark frå 20-25 meter, og med strak vrist klinkar unge Henrik Raunholm Kjelling ballen opp i hjørna, og 4-1 til heimelaget. Årets mål så langt i idrettsparken! No er det berre eit spørsmål om kor stor sigeren skal bli. Mats Brakedal er frampå og lager sitt andre mål for dagen og Fitjar sitt femte. Kort tid etter er det Laksevåg som pyntar på resultatet, innlegget frå høgre blir ekspedert på direkten nede i hjørna for Oddgeir Træet.

Fleire mål blir det ikkje i kampen trass i eit brent straffespark og fleire andre store sjansar som blir spolert for heimelaget. Totalt sett ein kamp der Fitjarlaget varierer altfor mykje i prestasjonane, altfor mange overgangar og overtalssituasjonar blir spolert pga. unøyaktighet i siste pasningen.

Laget vinn alikevel fullt fortent og med klare siffer, eg vil i dag trekka fram dei unge spelarane. 16-åringen Henrik Raunholm Kjelling spelte igjen ein veldig god kamp; det samme gjorde 17-åringene Kjell André Thorland og Mats Brakedal. Spesielt kjekt var det at Mats fekk sett inn sine to første A-lagsmål.»