Det er mange gode krefter som skal takkast for at det fortsett vert vidare drift hos MesterVindu på Sjoareset. Bedrifta kunne lett ha blitt «slakta» og produksjonen flytta til ein annan plass. Men dei tilsette sin entusiasme gjorde mykje til at vektskåla tippa rett veg. På biletet ser me dei nye eigarane: f.v. Arvid Magnar Birkeland, Vidar Ødegaard og Marcus Ødegaard. Foto: Håkon C. Hartvedt

Ein nøkkelperson har  elles Odd Sørensen, den tidlegare kredittdirektøren i SG-finans, vore. Han gjekk inn og gjorde ein kjempejobb i denne samanhengen. -Utan hans innsats hadde me nok ikkje ha site her i dag, seier dagleg leiar i det nye MesterVindu AS, Arvid Magnar Birkeland, til fitjarposten.no.

Sørensen gjekk inn og overtok drifta då konkursen var eit faktum, og gjennom han gav SG-finans naudsynte garantier som gjorde at produksjonen aldri stoppa opp, men heldt fram til nye eigarar kunne ta over. 

-At det gjekk bra skuldast ikkje minst at me fekk inn ein svært løysingsorientert bustyrar i Kjell Petter Neset, seier Sørensen, og forset:
-Andre viktige faktorar var at me fekk behalda kundegrunnlaget, varemerket – og ikkje minst at me fekk til ein langsiktig kontrakt.
Når det er sagt, vil eg òg seie at dei tilsette sin entusiame har vore svært avgjerande for att me fekk dette til.

Eigarar med solid bransjeerfaring
Det nye firmanamnet er «Mestervindu AS», og det er no inngått ein 10-årsavtale mellom dei og Fjeldtvedt Eiendom AS.  

Dei nye eigarane er Vidar Ødegaard frå Smørstein Holding, Marcus Ødegaard frå Harmonie Norge AS og Arvid Magnar Birkeland frå Frekhaug Trevare. Alle med solid erfaring frå bransjen.

Arvid Magnar Birkeland, som er dagleg leiar, kjem til dømes frå ein tilsvarende vindaugsfabrikk på Frekhaug der han har jobba i 35 år, og sidan 1984 som dagleg leiar. 

Fitjarposten møtte eigararane på plass i bedrifta på Sjoareset tidlegare i dag, og dei kunne fortelje at dei i første omgang har mykje å setje seg inn i. Om det vert endringar i drifta, vil dei sjå på etter kvart. Dei seier at dei er svært glade for stå-på-viljen til dei tilsette, og understrekar, som Sørensen, at denne entusiasmen var avgjerande for at dei vågde å gå inn som eigarar i det nye firmaet. 

35 tilsette
Det nye firmaet har i dag 35 tilsette. Det tyder at ein del av dei som var tilsette tidlegare ikkje har fått tilbod om vidare jobb. Dei er sjølvsagt skuffa, og det har leiinga stor forståing for.
 -Slik måtte me gjere det no, men tidlegare tilsette vil stå svært sterkt om vi igjen kan ta inn fleire folk, seier dei til fitjarposten.no.

Godt tilrettelagt
Eigarane vil elles rette ein takk til Espen Fjeldtvedt for god tilrettelegging i samband med overtakinga. No vil dei, i tillegg til kundegrunnlaget Mestervindu alt har, nytta seg av dei kontaktane dei sjølve har opparbeidd seg gjennom sine firma.

-Det er knallhard konkurranse i denne bransjen, men me finn at denne bedrifta er godt utstyrt og produserer eit unikt, flott produkt, seier dagleg leiar Arvid Magnar Birkeland til slutt.

Klargjering av dørblad. F.v. Eva Jezienska og Berit Lønning. Foto: Håkon C. Hartvedt

Klargjering av vindauge med pakning før glassing. Framme: Kari Westerheim. Bakanfor: Joanna Borowska.
Foto: Håkon C. Hartvedt

Zbignian Jezievski monterer. Foto: Håkon C. Hartvedt 

Zdravko Zagorisek pakkar før transport. Foto: Håkon C. Hartvedt