Også denne laurdagen var dei fleste politiske partia representerte på stand i sentrum.

Partia sine store plakater eller parasollar var ikkje så synlege, men det skuldast nok vind og mykje regn. Likevel var det få som klaga over veret. Det høyrest ut til å vere god stemning mellom dei ulike partimedlemmene. Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti skrytte av samarbeidet som alt var inngått. Men lat oss straks fortelje at det galdt mat og drikke på dagens stand. Kaffikoking var ein Ap jobb, medan KrF steikte vaflar. Det var god stor tilgang på valmateriell hos alle dei fem partia som var var på plass. Og kva var så det store samtale-emnet i dag? Jau, det var nok atter ein gong eigedomsskatten.