Me snakkar om Gunvor og Aksel Ytrenes. I det siste har dagane deira gått i å måla breidd og lengd på hus, garasjar og meire til her i bygda, i samband med innføring av eigedomsskatt.

-Me blir tekne godt imot. Vedtaket om eigedomsskatt har ikkje me noko med. Folk flest skjønar det, sjølv om nokre gjerne vil diskutera, smiler dei.

Å diskutera har dei elles ikkje tid til. Det er mykje som skal målast, og skal ein nå målet om å vera ferdig rundt 1. juni, kan ein ikkje bruka tida på å prata.

-Svært ofte er ikkje folk heime når me kjem, men det gjer ingenting. Me tek berre utvendige mål, og så reknar me på areal om kveldane, legg dei til.

Men dei er ikkje åleine som måler.
-Me er ein tre-fire par til saman, let det til slutt.