Ja kanskje det blir dei einaste?

Sist veke vart det gjort nye tiltak for å hindre stor fart forbi skulen. Dei som køyrer denne vegen veit at fartsgrensa har blitt endra dei siste åra. 40-skilt ved bedehuset er ei påminning for dei som kjem frå Koløyo og Helland eller «Nedbygda». Det står også skilt sør for skulen. Nedsett fartsgrense er eit viktig tiltak for å skape trygg skuleveg. Kanskje nokon av oss hadde tronge slik påminning på ei utvida strekning i skuletida? Små og store elevar har skuleveg frå Rydland, Helland og Koløyo.

No får me tru at fartsdumpane hjelper dei køyrande å avpasse farten. Tre slike er på plass, og gul og svart merkepinne skal gjere sjåførane merksame.