Om regjeringa sitt framlegg skulle bli resultatet av lønsforhandlingane med Bondelaget, vil dei fleste bøndene i Fitjar gå ned i løn, seier leiar i Fitjar Bondelag, Reidar Kloster, til fitjarposten.no.

Den lokale bondelagsleiaren fortel at dei saman med bondelaga frå Stord, Tysnes, Huglo, Sveio og Bømlo tok del i aksjonen til støtte for Bondelaget på Stord tidlegare i dag.

– Me står samla bak forhandlarane våre i at dei ikkje kunne godta tilbodet ifrå regjeringa, seier han og legg til: – Berre eit fåtal av bøndene vil i Fitjar vil få auka løn etter dette framlegget, dei fleste vil få mindre og vil ikkje få dekka utgiftsauken eingong. Det vil vere øydeleggjande for det lokale jordbruket vårt, meiner Kloster.

Han fortel at Fitjar Bondelag ikkje legg opp til konkrete aksjonar i Fitjar, men folk vil merke at butikkane kjem til å gå tomme for ein del produkt om det ikkje kjem til ei løysing av konflikten, får me vite.

- Annonse -