Ordførar Harald Rydland brukte bl.a. desse orda i ei heiderstale i kultursalen i går kveld.

Heideren gjekk til Annar Westerheim og Toralv Røen som fekk Frivilligprisen for 2010. Det vart fortalt at desse to karane har trilla fram og grave utover 260 tonn singel og grus på turstien (og dei andre små stiane) som dei har opparbeidd i Sælevik-krinsen. Alt arbeid er gjort som dugnad, og karane er samstemte i at dei gler seg når noko vert til glede og gagn for andre. Og dei gler seg over alle gode tilbakemeldingar som folk kjem med. Innsatsen deira er til nytte for så mange, ikkje berre i heimekrinsen. Annar og Toralv struttar av arbeidslyst, og har på kvar sin måte vore med på mangt eit dugnadsarbeid andre stader og. Prismottakarane fekk kvar sin  diplom, gåvesjekk og lue med Frivilligsentralen sin logo på.

Frivilligsentralen arrangerte ein flott kveld for dei mange frivillige arbeidarane som hadde takka ja til å kome. God middag med kaffi og velsmakande kaker, og song- og musikkinnslag gjorde det til ein trivelg kveld. Ellinor Bergesen, leiar i Frivilligsentralen, fortalde om dei utruleg mange oppgåvene som frivillige tek seg av i kommunen vår. Festen vart leia av styreleiar Gro Jensen Gjerde.