Biblioteket i Fitjar har fått 50 000 kroner til å arrangera debattar om for ungdommar om den digitale kvardagen deira, med utgangspunkt i samtidslitteratur.

 Det er stiftinga Fritt Ord som har løyvd pengane til prosjektet «Nett i livet eller livet på nett», melder bibliotekar Silje Vågen Torbjørnsen i ei pressemelding. Folkebiblioteka på Fitjar og på Stord vil samarbeida om å arrangera debattane, som er retta mot elevar i dei vidaregåande skulane på øya. Arrangementa vil finna stad i løpet av 2015.

Biblioteka i Sunnhordland skal arrangera ei rekkje debattar i løpet av 2015 gjennom prosjektet «Me snakkast», som har fått 200 000 kroner frå Nasjonalbiblioteket. «Nett i liver eller livet på nett» er ein del av denne debattrekkja.

 

Ingressbilete: Fitjar Folkebibliotek, ved bibliotekar Silje Vågen Torbjørnsen, har fått midlar til å arrangera ungdomsdebattar om den digitale kvardagen til ungdommane. Foto: Håkon C. Hartvedt