I kveldens debatt i Kulturbygget var det helst dei kjende skiljelinene som ein kjenner frå høgre- og venstresida i norsk politikk som kom fram.

I helsedebatten var det brei semje om at sektoren måtte styrkjast økonomisk. Heving av kompetanse og auka bemanning var og viktige faktorar. Korleis ein skal styrkja sektoren for å ta i mot fleire brukarar var det delte meiningar om, men ein var samd om at systemet med stykkpris hadde slege dårleg ut. Fleire meinte systemet hadde vore med å auke ventelistene for behandling.

Ein var og oppteken av at ein behandlar folk lokalt. På direkte spørsmål frå ordstyraren Svein Olav Langåker, var alle debattantane samde om å oppretthalda Stord sjukehus på dagens nivå.

Også i skuledebatten kom det fram mykje av dei argumenta ein kjenner frå norsk politikk.
Fleire tok til orde for å leggja meir vekt på ein praktisk opplæring i skulen.
På spørsmål frå salen om vatn i symjebassenga blei det vist til økonomi, men at symjeopplæring var svært viktig.
Også spørsmål om skulebygg, økonomi og lærarsituasjonen var på banen utan at ein fekk klare svar.