Miljøpartiet De Grønne ber i et brev TV2 og NRK om å utfordre Jens og Erna til ein historisk miljøduell.

– Vi har sett oss leie av at TV-skjermane er overfylt av duellar mellom Jens og Erna, samtundes som vår tids viktigaste utfordring – miljø og klima – knapt blir nemnt, seier nasjonal talskvinne Hanna E. Marcussen og 1. kandidat i Oslo Rasmus Hansson i brevet.

Dei ønskjer at duellen skal vere mellom Jens Stoltenberg (Ap) og Hanna E. Marcussen (MDG), eller Erna Solberg (H) og Rasmus Hansson (MDG). Om Jens eller Erna takker ja til invitasjonen ville det vere første gang De Grønne debatterer mot ein statsministerkandidat.

– Vi meiner både Jens og Erna skyldar det norske folk å ta debatten om kva vi skal leve av, også etter at oljen tek slutt. Arbeiderpartiet og Høyre ligg an til å slippe billleg unna sine miljøsynder, seier Marcussen og Hansson i brevet.

De Grønne er ikkje invitert til nokon av TV 2 sine partileiardebattar, og skal berre delta ein partilederdebatt i regi av NRK