Elevar frå 10. klasse slo til og arrangerte storstilt datahappening gymsalen på Rimbareid skule, ikkje ulikt det andre ungdomsskuleelevar har gjort før dei.

Det heile starta torsdag middag, og så har det gått slag i slag heilt fram til søndag med stage- og spelkompoar, sosial moro, pizza og lite søvn. Counter Strike er ein stadig tilbakevendande konkurranse i slike samanhengar, men i år hadde dei òg konkurranse i strategispelet Warcraft 3. Målet med partyet er òg å tena pengar til klassetur, og overskot til det ville det bli, meinte arrangørane.

Datahappening tre døger til ende. Foto: Håkon C. Hartvedt

- Annonse -