Internett er etterkvart blitt eit viktig hjelpemiddel for alle aldersgrupper, også for godt vaksne. Nå startar ein opp ei datagruppe spesielt for desse på Fitjar folkebibliotek. -Det skjer 8. mars mellom klokka 11 og 13, fortel bibliotekar Elin Siglen som vonar at mange pensjonistar vil nytta dette høvet til å bli betre sin kompetanse i data- og internettbruk. Triveleg vert det nok òg, trur me.