Askel Ytrenes og Gunvor Ytrenes får digital hjelp på biblioteket av Kari Nøstbakken. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Inviterer til «lågterskel-tilbod utan terskel» for dei med eller utan digitale vanskar.

Framover vert det data-kafe ved Seniorsenteret annakvar onsdag, og første treff vert 8.januar kl. 10.

– På første treff vil Harald Westerheim ta for seg emne lagring i Min sky (icloud) opplyser Aksel Ytrenes.

Han fortel at dei kvar gong vil ta opp eit tema med allmenn interesse.

– Ta med nettbrett, pc eller smart telefonen. Elles vert det kaffi og drøs, og det er fullt lov å koma sjølv om du ikkje har digitale vanskar. Det er nok at du er kaffitørst, fortel Ytrenes.

Han håpar at Fitjar kommune kjem med eit kurs for dei som treng påbygging/oppussing av sine digitale kunnskap, og gler seg over at skulesjef John Karsten Raunholm kjem innom første økta.