I ei undersøking der ein ser på døgnbemanna bustader og sjukeheimsplassar i høve til innbyggjarar over 67 år i kommunen, landar Fitjar på desidert sisteplass mellom kommunane i Hordaland.

Fitjar sitt resultat er på 12,7 prosent. Til samanlikning har Eidfjord, som er best i fylket, 43,8 %, Tysnes 22,7 %, Stord 20,2 % og Bømlo 18,4 %, viser ei utrekning forskar Ivar Brevik på Norsk Institutt for by- og regionsforsking (NIBR) har gjort for BT.

 Les meir på: http://www.bt.no/valg07/article400946.ece

Tala for den såkalla service-undersøkinga, var òg svært dårlege for Fitjar.

I ein kommentar til den første saka skriv ordførar Agnar Aarskog:

"Det kan sjå ut som om tala til BT ikkje tek omsyn til våre omsorgsbustader i Havnahuset. Dette er omsorgsbustader med heildøgns bemanning. Tek ein berre omsyn til Sjukeheimen, så er undersøkinga rett, men me har 35 plasser på Havnahuset med heildøgns bemanning.

I tillegg byggjer me no 12 nye plassar på FBB, og vil stå godt dekka på heildøgnsplasser etter dette."