Ein oppsitjar i Vik ringte i ettermiddag og fortalde om ein murkant som som kan rase ut.

Når du har passert vegkrysset i Vik i retning Fitjar, ser du ein gammal murkant på høgre side. Nedanfor garasjen ved Peraløo er det tydeleg hol i muren. På baksida av muren er det fleire meter bratt ned mot bekken. Der vegen svingar opp til Peraløo er det plass nok til passasje mellom ein stor trailer og vanleg bil. Her vert ofte store køyretøy ståande og vente. Store problem kan lett oppstå viss ein kjem for nær muren, til dømes ein tungt lasta trailer. Folk i nærområdet er redde for at muren  kan rase ut. I skrivande stund er det uvisst om Statens vegstell har blitt varsla. Det bør setjast opp varselskilt og seinare må muren forsterkast.