Stor stemning på Fitjar Mekaniske i dag då verft og reiarlag bad inn til dåpsfest for nye «Vendla».

Skipsdåp er ei relativt sjeldan høgtid i her i Fitjar, og mange nytta høvet til ei feststund på kaien der «Vendla» har lege sidan byrjinga av april. Vel 300 fitjarbuar og austevollingar, både med nær og fjern tilknyting «dåpsbarnet» var med på dåpshøgtida.

Størst var nok dagen for reiarfamilien Østervold, og kanskje aller størst for dei tre gudmødrene Emma S. Østervold (13), Susanne Njåstad (15) og Sara Njåstad (12). Alle tre er barnebarn av Nils Olai Østervold på 76 år, reiaren som i dag overtok den åttande ringnottrålaren sin. Dei tre jentene delte på å lesa «Vår beste dag» av Erik Bye, før dei lét champagneflaska bli knust mot skutesida.

Og vår beste dag var det så absolutt for nokon kvar på Sveiseneset i dag. Sola skein over festlyden då prosjektleiar Åsmund Sørfonn ved FMV ønskte velkommen til dåpsfest. Verftsdirektør Hugo Strand takka reiarfamilien, Wärtsilä Ship Design, Vest Elektro, medarbeidarar og samarbeidspartar for eit god samarbeid med «Vendla» i to år. Han la ikkje skjul på at han var stolt over det ferdige produktet, «det argaste norsk verftsindustri kan visa fram», som han uttrykte det. Denne snurpetrålaren er også bygt for havforsking og for oppdrag i oljebransjen. Verftsdirektøren sa seg glad for at familiereiarlaget satsar vidare, og meinte dei hadde gjort ei god investering. Han siterte frå Håvamål, der det står noko slikt som: – Hald skipet dit i god stand, så vil gode menn velja deg. Før han avslutta på fyndig vis: – Får de ikkje fisk med denne båten, så kom ikkje til meg og klag!

Frå reiarlaget helsa dotter til Nils Olai, Nina Iren Njåstad, som takka verftet og alle dei andre som har vore med på prosjektet. For eit par år sidan låg «Vendla» rundt omkring i heile Gdansk, sa ho. – Og det er fantastisk å sjå resultatet! No håpar me på godt fiske, og at mannskapet om bord trivst, sa ho, og ønskte Fitjar Mekaniske Verksted lykke til vidare med nye prosjekt.

Ragnhild Astrid Østervold, dotter til Nils Olai, er òg med i leiinga av reiarlaget. Ho meinte at styrken til faren alltid hadde vore ei god tru. Og den gode trua har familen framleis. Bas om bord er bror hennar, Alf Ove Østervold, som me møtte oppe i styrhuset. Han kunne stadfesta at dei har tru på framtida, noko ei så stor investering er eit tydeleg prov på.

Både landkrabbar og fiskarar i alle aldrar nytta høve til ein tur om bord, medan det blei servert fiskesuppe, kake og kaffi på kaien. «Vendla» har køyplass til 24 personar, men vanlegvis har eg ansvaret for maten til eit mannskap på 10-12 personar, fortel stuert Leon Sæle, i den mest moderne byssa me har sett. I styrhuset møter me bas Alf Ove Østervold og skipper Ole Martin Troland. Dei fortel at dei ser fram til å reisa på makrellfiske i Nordsjøen om vel ei veke.

Me takkar for ei feststund på Sveiseneset, og ønskjer skitt fiske!