Under MX-sport sitt arrangement "Fotballens dag", i sentrum, fekk den nye dansegruppa for jenter i 2. og 3. klasse vist seg fram for første gong.

Dei var godt samkøyrde, hadde god rytme i kroppen og viste innleving og glede i dansen. Eit verkeleg kjekt innslag for dei som hadde funne vegen opp i 2. etasje i Larsen bygget. Dei fleste av publikumarane var nok mødre, fedre og søsken, som stolte fekk sjå det jentene har klart å øva inn etter eit par månader med trening. Men det var og andre der, og fleire mindre jenter stod med store auger og såg på, og fekk lyst til å vera med i ei dansegruppa dei og.