Torsdag 6. mars var det feiande flott danseoppvisning i Kultursalen med jentene i 5, 6 og 7 klasse som har gått på kurs med Anne Jorunn Salhus. Publikum fekk oppleva fengande rytmer og spreke ungdomar med stor danseglede. Det var også musikalske innslag frå Kulturskulen med piano og tverrfløyte.