Barnehageborn dansa ved opninga av kommunestyremøtet i dag.

Kulturskulen har undervisning på det høgaste alderstrinnet i barnehagane. I dag var ei gruppe samansett av born frå Årskog og Bakken barnehagar og synte kommunestyret litt av det dei hadde lært dette skuleåret.

Saman med lærarar og kulturskulerektor gav dei ein vakker danseforestilling utanfor Rådhuset! Først ein irsk inspirert dans, og deretter Russisk Troika! Sjokoladen Troika er kalla opp etter den!

Ordføraren takka for den vel gjennomførte forestillinga, og gav kvar av borna ein sjokolade som takk for innsatsen.