I dag har NMK Vikedal skipa treningsstemne i bilcross for damer, og to jenter frå Fitjar Racing Team var med.

Heile 35 damer frå fjern og nær stilte på startstreken under dagens dameløp i Vikedal. Frå Telemark kom fire bilglade damer, og frå Fitjar Racing Team stilte Mari Koløen Lønning og Kristina Sætre.


Dei to jentene i depotet, Mari Koløen Lønning med Ford Sierra og Kristina Sætre med VW boble.

Mari med sine 15 år var den yngste av alle, medan den eldste føraren i dag er 69 år gammal. Mamma Liv Mari Koløen hadde òg sjansen til å stilla på startstreken i dag, men seier til Fitjarposten at ho var glad ho fekk vera vakt på stemnet i staden.

For å gjera treninga realistisk og skjerpa førarane, tok arrangøren tida. Fire og fire førarar var i aksjon om gongen; dei starta med 200 meters mellomrom. Dei to lokale førarane våre køyrde mot kvarandre, fortel Mari til Fitjarposten.

Det blei sett opp resultatliste over 32 av damene som var med i dag, og Kristina Sætre kom på ein fin åttandeplass. Mari Koløen Lønning var blant dei tre som hadde køyrt før, og blei klassifisert som aktiv. Ho fekk derfor ikkje plass på resultatista, men ho fekk gjort seg positibvt bemerka.

– Her er ei som må ha køyrt bil i mange år, sa speaker då han fekk sjå Mari i aksjon. Rett nok har ho køyrt bilcrossløp før, men å seia «mange år» er vel å ta litt sterkt i. Ho er jo berre 15 år …


Kristina Sætre og Mari Koløen Lønning i aksjon i Vikedal.