Endeleg kapra damelaget til Fitjar IL poeng i årets serie då dei slo Ask 6-5 heime på kunstgraset måndag kveld.

Med Britt Lise O. Volden tilbake på banen drog Fitjar-damene i land sigeren i seriekampen mot gjestene frå Askøy. Dermed var dei første tre poenga sikra, og vonleg markerer dette vendepunktet for damene. Scoringane til Fitjar kom ved Anne Kristin Skår, Anne Helene Vestbøstad og Theresa Heggøy; alle scora to mål kvar.

Fitjar stilte med dette laget:
Margaret Hillestad, Aina K. Vestbøstad, Britt Lise O. Volden, Synnøve Helland, Anne Helene S. Vestbøstad, Amalie Nesbø, Anne Kristin Skår, Theresa Heggøy og Tiril B. Stegane.

Fram til måndag kveld var Fitjar det einaste laget utan poeng, men når kveldens resultat blir registrert, vil det sjå litt betre ut på tabellen for kvinner 7ar avd. 02.