Fitjar-damene var allereie puljevinner då laget reiste til Halsnøy for å spela årets siste seriekamp. Dette var kanskje medverkande til at laget ikkje nådde vanleg standard i laurdagens kamp, og måtte tåla tap 7-10.

På ein tung grasbane vart det ein jamspelt første omgang, der kampen bølga fram og tilbake. Fitjar tok ledelsen 1-0 på eit godt langskudd frå Anne Helene Vestbøstad, Halsnøy snudde kampen med to kjappe scoringar før jentespelar Martine Hareide utlikna til 2-2 rett etter at ho vart bytta inn. Halsnøy var frampå ein gong til slik at laget kunne ta med seg ein 3–2-ledelse til pause.

I den andre omgangen rant det inn mål i begge endar med Halsnøy heile tida i leiinga med eit par mål. Det uvante underlaget i tillegg til at laget allereie var puljevinnar gjorde nok sitt til at laget ikkje heilt kom opp på vanleg standard i dag. Laget har likevel levert ein kjempesesong, der laget no har igjen to KM-kamper før ein kan setta punktum for sesongen.

Best på Fitjar-laget i denne kampen var 3-målsscorar Anne Helene Vestbøstad og Britt Lise Volden.