Fitjar-damene vann søndagens seriekamp mot Flaktveit så klart som 29-20.

Seks damer frå Flaktveit hadde eigentleg ingen sjanse mot Fitjar-damer i bra form på heimebane. Gjestene heldt brukbart følgje til midten av første omgang, men derfrå og inn hadde heimelaget full kontroll. Kampen blei avgjort i andre halvdel av første omgang, då Fitjar-damene scora jamt og trutt. Til pause stod det 15-7, ei velfortent leiing for Fitjar.

Andre omgang blei jamnare enn ein skulle tru var nødvendig mot eit fåtalig Flaktveit. Gjestene heldt bra følgje, og såg ei stund ut til å kunna vinna omgangen. Men dei makta ikkje å ta innpå vertane sine. Sluttstillinga 29-20 viser at Fitjar vann også andre omgang, men berre med eitt mål. Best på eit jamt bra Fitjar-lag var 8-målsscorar Cathrine Haga.

Fitjar sitt lag (scoringar i parentes):
Kristine Korsvik (keeper)
Solveig L. Fitjar (keeper)
Randi Thorland (2)
Maria Larsen (1)
Maj R. Engevik (1)
Marita Westerlund (5)
Gunnhild Jonassen (1)
Cathrine Haga (8)
Ingvild Kannelønning
Maria Haga (5)
Ingvild Rimmereid (4)