Fotballdamene ser ut til å halda fram der dei slapp i fjor, og feide Njardar/Tysnes av banen i serieopninga.

Fitjar-damene tok imot Njardar/Tysnes til serieopning i flott vår sol på kunstgraset søndag.
Etter månader med trening var det endeleg alvor og kamp om serie-poeng igjen.

Begge laga opna litt forsiktig, men det gjekk ikkje lang tid før Njardar blei pressa langt bakover på banen. Det skulle gå 18 minutt før Fitjar fekk uttelling for spelemessig overtak. Stina Rimmereid styrte ballen i mål frå kort hald etter eit flott angrep. Få minutt etter la Anne Helene Vestbøstad på til 2 – 0. Minuttar før pause dundra Elin kvia ballen i mål til 3 – 0 ledelse på kampens flottaste
angrep.

Andre omgang fortsette som første omgang slutta med trøkk mot Njardar målet, men Njardar hadde sine sporadiske overgangar. Fitjar-damene klarte å halde oppe intensiteten i spelet utover i andre
omgang, og gav seg ikkje før dei hadde «putta» åtte baller bak Njardar sin keeper. Anne Helene vestbøstad sin 7-1 scoring var omgangen finaste, strak rist frå 14 – 15 meter knallhardt oppe i krysset.

Madel Helland debuterte i mål og gjorde ein veldig god debut. Aina Vestbøstad i forsvar, «motorane» Anne Helene Vestbøstad og Elin Kvia på midtbanen og tremålscorar Stina Rimmereid gjorde alle ein kjempekamp, men alle spelarane skal ha ros for solid innsats. Alt i alt ein strålande opning på årets sesong der Fitjar damene nok blir
å rekna med i toppen i år og!